| Elias Blix |
|
|
Elias Blix vart fødd på Våg Mattismessedagen den 24. februar 1836 av foreldre bonde og fiskar Peder Christophersen og kone Margrethe Helgesdotter. Blix-namnet fekk han etter lensmann Elias Blix, som var ein skyldning av mora. Faren døyde tidleg, og det vart mora som fekk mest å seie for oppsedinga av borna.
av sokneprest Reidar Bolling
Folk la tidleg merke til kor evnerik guten var, og læraren Hans Hansen sette hardt inn på stedfaren hans at Elias måtte få gå vidare på skole. Det same tykte handelsmannen i Arnøya Carl Olsen, som hadde vore ein ven av rette far hans. Etter ein vinter på Lofoten, der Elias ikkje hadde vore noko heldig som skårunge, fekk han i 1853 lov til å reise til Tromsø seminar. Jamvel om Tromsø i 1850-åra berre var ein småby, vart det stort omskifte frå dei einfelde tilhøve i heimbygda, og i eit brev til Hans Hansen fortel Blix at dei kondisjonerte gjorde narr av dialekten hans eg han vart nøyd til å lære bokmålet korrekt og tvanglaust. På seminaret treivdest han framifrå. Styraren var ihuga grundtvigianar, som leidde elevane sine varsamt inn i ei ny verd. Det var rike voksterkår for ein framtøk ungdom, og da Blix i 1855 gjekk ut av seminaret som bestemann på kullet, var han fast bestemt på å lese vidare. Han ville bli prest. Heimanfrå åtte Blix ei fast tru på Gud, ein arv frå fedrene med postillen ved hovudgjerdet og salmeboka i handa. I Tromsø vart han styrkt i trua ved bibellesingane åt den inderlege bispen Gislesen medan han berre vart fråstøytt av ei svermarrørsle som nett desse åra fengde sterkt i byen. Samstundes opplevde han ei nasjonal vekking. Han fekk tak i Ivar Aasens nybrottsarbeid "Det norske Folkespråks Grammatikk" og las seg varm. Blix fortel sjøl: "So gjekk eg heim og tok på å lesa, og eg las og las denne Gramatikkken med ei forvitna og ei Spenning, som um det skulde vore den morosamaste Romanbok. Eg kunde ikkje slutta fyrr ho var utlesi. For her kjende eg altsaman att fraa mitt Heimemaal, Eg saag det var mitt eiget Morsmaal, berre set i Vitskapleg Ljos og Samanheng. Fraa den tidi vart eg altsaa Maalmann med fullt Medvetande og so tek eg daa so smaatt til aa skriva Maalet." I Tromsø tok han og til å dikte. I førstninga nytta han det vanlege bokmålet, men frå 1857 gjekk han over til nynorsk. Han skreiv sentimentale dikt om den usætande lukka, men skifte og over til bombastiske nasjonalsongar. Best er han når han syng om heimen, "Den Stad hvor Dagsens ljos eg fyrst fekk skoda."
Blix vart på Tromsø til 1859. Samstundes med at han heldt skole, hadde han førebudd seg til artium. Carl Olsen hadde lova han stønad under studiet, og han fekk visstnok også hjelp frå den gjæve handelsmann Zahl på Kjerringøy. I 1866 tok Elias Blix teologisk embetseksamen med Laudabilis. Han hadde ikkje vore heime under studiet, men no ville han nordover og helse på skyldingane. Det vart ein merkeleg sommar. Bygdefolket fagna han hjarteleg, så han tykte det vart gjort mest alt for stor ære på ham. Skyldingane ville få Elias Blix til å preike i Gildeskål Kyrkje; og ein dag rodde han inn til Gildeskål og ville helse på sokneprest Hans Henrik Daae. Soknepresten hadde høyrt mykje om Elias Blix og millom anna hadde han fått vite at han var ein god ven av Aasmund Vinje. De kom inn på målsaka, og samtalen slutta med at soknepresten nekta Blix å preike i kyrkja. Blix tok nektinga tungt. Han var brennemerkt fram for kyrkjelyden, kjend uverdig til å utføre den tenesta han hadde sett fram mot i slitsame studiedagar. Blix tok avslaget som ei vitring om at han ikkje skulle bli prest, og han vart for framtida mannen i kyrkjebenken. Under studiet hadde han serleg utmerkt seg i den gamaltestamentlege disiplinen, og han tok til å arbeide vidare under rettleiing av professor Caspari. Han fekk ferdastipend til Tyskland i 1870‑71 og vart universitetsstipendiat i gammaltestamentleg teologi i 1873. I 1876 vart han dr. philos på ei avhandling i samanliknande språkvitskap . Arbeid hans krevde kjennskap til heile den semittiske språkgruppa på sju ulike mål og til sanskrit. I 1878 gjorde Stortinget vedtak um å skipe eit omframt professorat for Blix Det var ungdomsvenen hans, Sivert Nielsen som tok tungtaket med å overtyde tingmennene, men også Johannes Steen som hadde lese framande mål med Blix oppe i Tromsø, hadde sitt ord med i laget. Frå 1887 var han medlem av vitskapsselskapet i Oslo, der han seinare vart præces. Forelesingane hans var sers klåre og greie. Han freista allstøtt få fram det religiøse innhaldet, så ikkje det heile skulle drukne i hebraisk grammatikk. Elias Blix var mykje interessert i samfunnsspørsmål. Alt i Tromsø tok han til å følgje med i politikken, og det hadde vel mykje å seie at Johannes Steen vart læraren hans. Medan dei fleste teologane var konservative, var kameratflokken i "Den nordlandske Forening" radikal. Den nynorske innstillinga gjorde det og naturleg at Blix ikkje hamna i den konservative flokken. Av dei teologiske professorane var det berre Elias Blix og ein til som nekta skrive under det illgjetne oppropet "Til Christendommens Venner!' i 1883 framføre riksrettssaka. I 1884 skipa Johan Sverdrup det første venstreriksstyret i Norge med Elias Blix som kyrkjeminister. Han var med i riksstyret til Sommaren 1888, og han fekk gjort mykje godt både for kyrkje og skole. Serleg såg han godt etter at Hålogaland ikkje vart sett til side med løyvingar til skole, kyrkje og andre kulturelle tiltak som høyrde inn under hans departement. Såleis skaffa han statsløyvingar til bedehusbygg i Selvær, Kabelvåg, Røstnesvågen og Gjesvær. Han fekk og auka stipenda for elevane ved Tromsø seminar. Då han slutta som statsråd, drog han seg ut av politikken. Istaden vigde han seg til bibelomsetjing og salmedikting i den fritida han hadde etter det vitskaplege arbeidet sitt. I 1881 vart han med i den nynorske bibelomsetjingsnemnda, som i 1890 sende ut Nytestamentet. Dette arbeidet fekk varm fagning av dei sakkunnige. Så tok han til med å setje om det gamle testamentet til nynorsk. Her var han fagmannen fram for alle andre. Han tok til med Salmane, men rakk berre gjennom dei første 53 før han vart reven bort. Blix tenkte og på kristendomsopplæringa i skolen, eg i 1891 sette han om Luthers katekisme til nynorsk. Kor verdfullt eit arbeid han enn utførte som vitskapsmann, bibelomsetjar og politikar, ville det likevel ikkje ha makta å halde minnet hans levande gjennom tidene. Det har han derimot lukkast med salmediktinga si, kvart skolebarn i landet vårt kjenner Elias Blix og kan fleire av salmane hans utaboks. Det er heilt utenkjande at namnet hans nokongong kan bli gløymt. Elias Blix hadde eit klart program for salmediktinga si. Han ville kristne den nynorske rørsla og han ville vitne om si personlige kristentru. Det var helst radikale rothoggarar som hadde skrive på nynorsk, og gudlege menneskje tykte det var mest heilagbrot å nytte eit mål som svipa så sterkt inn på daglegtalen til bøn og lovprisning. Blix fekk tåle mange vondord frå folk han sette høgt om si nynorske salmedikting, såleis frå sin faderlege ven Hans Hansen, men han kunne ikkje vike. Han var heilag overtydd om at han var på rett veg. Han vart ikkje prest som tanken i ungdomsåra hadde vore. Han gjekk heller ikkje inn i noko friviljug forkynnararbeid. Folk såg annleis på slikt i hans tid, og han var for atterhalden til å stige fram som Forkynnar. Så fann han isteden utløysing for kristenlivet sitt gjennom salmane, her takka han Gud for all hans nåde og gåve, der bar han fram alle sine suter og vanskar i barnsleg bøn, og der vitna han om at han før all framtid ville høyre Herren til. Ved salmane vart mannen i kyrkjebenken forkynnar. Han kunne ikkje nøye seg med å tolke sitt eige trusliv. Han lyt rettleie, påminne og lære dei andre, og i mange salmar kjem det fram eit "du", som verker heller påtrengjande. Omlag helvta av dei 130 salmane hans er evangelierim, postille i rytmeform. Liksom Petter Dass med katekismesengene og Kingo med pasjonssalmane ville han gje kristeleg rettleiing under songen. Elles visste han heimanfrå at salmeboka mykje vart nytta som andaktsbok. Storverket åt Blix er at han har knytt saman det kristelege og det nasjonale. Som han sjølv skreiv i 1899 : "Det er som der opnar seg eit fagert utsyn inn i ei ny og betre tid fyr Norig, ei tid som eg og mang lenge hev stunda etter og bedst um, daa dei to store livsens makter, det kristelege og det nationale skal veksa seg saman og gjennomgløda den norske ungdom og dermed skapa ei lukkelegare ætt enn den som lever. Ja, kristendom og norskdom del maa ganga saman, ein norskdom vigslad og adlad ved sann kristentru, ein kristendom kledd i full norsk, klednad - desse to livsmakter skal i samband verte den stormagt som frelsar vaart folk." Han stod med føtene fast planta i jorda, og frå stua, stranda og kyrkjebenken såg han opp mot ein open himmel. Han song om naturen og årstidene, om heimen og ungdomslivet, om fedrelandet, om folkelivet så vi skjønar at alt dette har med Gud å gjere. Han gledde seg over kvardagsundera. Om kvelden stod stjerna øver huset og minte om Kristus, stjerna frå Betlehem. Når sol seig i hav, vart det biletet på menneskelivet som eingong lyt slokna. Soleglad minte og om Kristus, livssol som gjeng aldri ned. Morgonen med solrenning og dagsprett varsla det nye livet med solskin utan sky. Og våren med lengting liv og song bar bud om ein betre vår eingong. Blix gjorde seg aldri venger for å kunne nå fram til Gud, han let Gud kome til seg. Var det sove han skulde, så berre kalla han på Kristus. Og bar det gjennom brot og bylgje på livshavet, kom Kristus om bord når det storma på det hardaste, tok styrevolen og siglde honom frelst forbi alle skjær. Heimbygda lever i songar og salmar. "Barndomsminne frå Nordland" er såleis skapt med heimgarden som utgangsstad. Her ligg den lysande stranda, der stig fjellet mot sky med si krune av snø. Og der har han røynt at havet snart kan drøyme stilt, men snart etter kan bli ei glupande grav når det reiser seg villt. Likeeins i mange av del beste salmane hane. Såleis er vårsalmen "No livnar det i lundar" klårt sprungen fram av den djupe lengsla i lange, tyngjande vintermånader etter våren med lys og liv og varme.
Blix ville gje folket sitt ei heil salmebok. Difor tok han til å setje om salmar frå dansk og tysk. Tilsaman let han prente 76 omsette salmar. Blix hadde gode føresetnader for å bli ein god omsetjar. Rima flaut lett frå penna hans, og han åtte ein sjeldsynt givnad til å leve seg inn i tankegangen åt forfattaren. Han gjorde det så godt at somme omsetjingar er meir gjevande enn originalsalmane. Det vesle, tunne heftet med "Nokre Salmar' frå 1869 var berre på 2 sider. "Nokre salmar" kom i auka utgåve i 1870, 1875, 1889 og 1901. I 1904 kom ei ny samling med tittelen "Salmar og Songar". Smått om senn seig Blix‑salmane inn i folket. Unge lærarar tok med seg hefta på skolen og fekk barna til å skrive dei av. Slik lærde ungdomen å halde av Blix-salmane. Største vansken var å få salmane inn i gudstenesta. Alt juledag 1885 hadde ein norsklynd prest i Telemark fått kyrkjelyden til å syngje "No koma Guds englar med helsing i skyr, men først i 1892 vart det med kongeleg resolusjon gjeve løyve til å nytte "Nokre Salmar i dei kyrkjelydane der soknemøtet gjorde vedtak om det". Blix fekk oppleve at salmane hans vart innrøysta i vel 100 kyrkjelyder. I 1907 gjorde ungdomen i Gildeskål ein fånyttes freistnad på å få salmane hans inn i kyrkja, men presten multe imot. Først i 1914 fekk han lov til å vitne om si tru i heimbygda si kyrkje. Noko seinare bad kyrkjelyden sin store son um orsaking for mothugen sin med å hengje opp biletet hans i oppgangen til preikestolen. Elias Blix gifte seg i 1871 med ei handtverkardotter frå Oslo, Emma Hansen, og dei livde eit harmonisk heimeliv. Det kom etterkvart 9 bord i heimen, 6 gutar og 3 gjenter, men 2 døydde tidleg. Heimen var open og gjestmild, og mange ulike menneske såg innom. Tingmennene frå Hålogaland med Sivert Nielsen i brodden brukte gjerne samlast hos Blix om laurdagskveldane.
Elias Blix røynte seg før hardt i studietida, og han fekk svi for det da han tok til å dra på åra. Ved hundreårsskiftet fekk han og fleire minningar am at kvelden var nær. Hausten 1901 var han sjuk for ålvor og den 17. januar 1902 døyde han og vart gravlagt på Vår Frelsers Kyrkjegard. Ungdomsvenen A. Chr. Bang, som var biskop i Oslo, holdt gravtalen. |
| < Forrige | Neste > |
|---|


Elias Blix vart fødd på Våg Mattismessedagen den 24. februar 1836 av foreldre bonde og fiskar Peder Christophersen og kone Margrethe Helgesdotter. Blix-namnet fekk han etter lensmann Elias Blix, som var ein skyldning av mora. Faren døyde tidleg, og det vart mora som fekk mest å seie for oppsedinga av borna.
Skulle ein samle livssynet åt Blix i ein einskild salme, fell det naturleg å peike på ”Med Jesus vil og fara". Den er kjernesalmen i diktinga hans. "Gud signe vårt dyre fedreland" og "No livnar det i lundar" er nok betre kjende mellom folket, men denne einfelte vedkjenninga til det kristne kvardagslivet er songaren sitt svar på kvifor han allstøtt ser frametter med lyse voner. Livsleia er lagd opp frå dåpsdagen, og han har fått nåde til å bli verande i dåpspakta.
