| Ho Odd-Dåret og dei underjordiske |
|
|
|
Dei var fri for okse i Odden, så dei måtte leie kjyrne til Sandnes, for å få dei til okse. No var det ei av kyrne som dei ikkje hadde vore med til okse, då dei ikkje hadde sett at ho var laus. Då no Dåret såg at kua var laus, var det ikkje føre å kome med ho til Sandnes. Marka var dekt med is. Og slik gjekk det eingong til. Men då leid det så langt på tida at dei brydde seg ikkje om å ha kua åt okse. Dei sette kua inn likevel. Men då det leid til så fekk Dåret sjå at kua laga seg til og skulde kalve. Så ei natt kom eit framant kvinnfolk inn til Odd-Dåret og sa: Stå opp og gå i fjøset. Kua har kalva. Det er ein kukalv. Den skal du kalle for "Dagros" og sette på. Og Dåret gjekk til fjøset, der fann ho kalven, som det var fortalt. Men ho Dåret akta ikkje på det kvinnfolket hadde sagt. Ho fekk kalven slakta, men då kjekk det ille. Då kalven var slakta, sprakk kua. Seinare på vinteren sprakk den andre kua. Dei hadde berre to kjyr. Og så lenge Dåret levde, naut ho ikkje krettur. Det same framande kvinnfolk viste seg ein gong seinare for Dåret og då sa ho: "Hadde du lydd meg og sett på kalven, så skulde da ikkje ha mankert hverken krettur hell mat til dei." Ho Dåret såg ein kveld i mørkninga ein heil flokk krettur som dei underjordiske hadde gåande ned om huset og beite på heimegjorda i Odden.
|


Gården Odden ligg millom Sund og Sandnes. Dei var på denne gard så plaga med buskapen. Korleis dei bar seg åt gjekk det ille. Og tilsist naut dei ikkje naustkretur. Dei sprakk etter kvart. Og grunnen til dette skulle vera etter det eg har høyrt:
