flag_german.jpg unitedkingdom.jpg
Sylvskeia Skriv ut E-post

8243-h48.jpgMor til kona mi var nokre år til terne hos ein mann i Meløya.

Dei ho tente hos, hadde ei sylvskei, som kjerringa hadde fått hos dei underjordiske. Ho fortalde hennar værmor kor denne skeia var kommet i huset. Det var ein kveld kjerringa var ein tur på stabburet. Og då ho skulde gå tilbake til stua, kom eit framant kvinnfolk i mot henne og sa: "Du må fylgje med meg og hjelpe til, for sonekona skal ha små."

Dette kom noko snøkt på for henne at ho gløymde å spørre etter meir. Ho tenkte berre på henne som trengte hjelp og gjekk med henne med eingong. Dei gjekk ikkje mange skridt fyr alt blei likesom borte, og då ho ensa seg, var ho komen i hus. I huset var ein gamal kall og eit kvinnfolk, som låg i ei seng. Kallen bad henne nå og hjelpe sønnekona som skulde ha små og ikkje kunde bli forløst.

Og kjerringa var der til alt var over. Men då ho var ferdig og skulle gå, sa kallen: "Når du kjem til døra heime, må du sjå ned. Det du finn der, skal du ha til takk for du kom hit og hjalp oss. 0g det gjekk slik som som han sa. Då ho skulde gå inn døra heime, lå ei vakker sylvskei på dørtrappa. Den tok ho vare på.

(Fortalt av K.A.Gildeskål. Same stykke står også i R.Moe:Eventyr og segner)