flag_german.jpg unitedkingdom.jpg
Dei underjordiske kan også gjera vondt. Skriv ut E-post

8330-247.jpgFolk vil no ikkje lenger tru at det fins underjordiske. Men eg trur det, for eg har selv røynt det, og difor kan eg fortele, ja av eiga røynsle. Og så fer dei andre tru kva dei vil.

Eg har to gange vore i kast med del underjordiske. Den andre gongen var etter eg var vaksen. Ein dag låg eg på senga etter at eg hadde ete middag. Best eg låg slik og småsov, rente det så forferdeleg vondt i gjennom ein fot. Det var med at eg måtte rope høgt for verk. Eg fekk kjerringa til å gå etter "Dyvelsstrek" som eg smurde på. Då ga verken seg noko, så eg kom meg då opp og ut om ei tid. Eg vart då betre.

Ein dag etterpå, då eg atter låg og kvilte middag på senga, så veit eg ikkje av før der kjem eit framant kvinnfolk inn i stua og burt til senga til meg og segjer: "Detta måtte du ha for at du trakka på ungen min." Og sa var ho borte. Jau, eg trur at dei kan vere vonde og.

( Etter K.A. nedskrevet av D.E.)