| Blodstemming. |
|
|
|
Han Mates på Eiterjord (Beiarn) skadde seg så forgape i eit lår ein vinter han låg på Sørvågen. Kniven glei og gjekk rett i låret hans Mates, det var eit djupt sår, og blodspruten sto bortetter bugolvet. I eit anna bulag var det ein gildeskålværing. Han var av Kvaranes og heite Lorentz (Andreassen). Han kunde set blod. No rende dei i veg etter hjelp, ein åt bua der han Lorents heldt til, og ein annen for etter dokter Amundsen. Han Lorents umaka seg ikkje or bua. Han sa dei kunde berre gang baker, det retta seg nok med blødinga, meinte han. Og den tid dokteren kom til, var det slutta å blø. Han ville no ha å vita kor dette høvde vil. Det var eit fælt sår, det eg alt har sagt. Men ingen gat noka. Så tok dokteren til å rikla med foten, til blodet gjekk laust att. No fekk Amundsen det travelt. Han både tomma og trykte kring såret, men da dei såg at det ikkje ville lukkast å få slutt på blødinga, smatt ein av karane ut or bua og for åt han Lorents andre venda. Han var no gretten og var umota på å gjere meir. Men på det siste sa han seg til å hjelpa. Eit vilkår sette han: Dei fekk ikkje seie eit ord til Amundsen. Så sette han det andre gongen. Doktoren skjønte så mykje at noko spela i lag med her. No spurde han andre gongen. Men ingen lot han få vete noko, og med det laut han gje opp. |


Om nokon hadde skadd seg med eggjarn eller på anna vis, og det blødde så sterkt at det var fare på ferde, fekk ein stopping av blodet med å få ein som var kunnig med slikt til å lesa over såret. Fyrst han fekk namnet til den som hadde skada seg, visste han å få såret til å slutta å blø.
