flag_german.jpg unitedkingdom.jpg
Jens Blix på Inndyr Skriv ut E-post

Jens Blix var via kjend for styrken sin. Han var ein av dei mest namngjetne kjempekaran som har vakse opp i Gildeskål. I lang tid førde han jekt for Persen på Inndyr.

Det var ein sumar han var siglande til Hamarfest etter ei last russemjøl. Dette var i dei tider då handelsmennene nord på Finnmarka dreiv byttehandel med russen. Mjølet var i matter og stod 9 våger kvar. Hans som dreiv handelen heldt 8 russarar i arbeid. Dei stod føre lastinga, og handelsmannen hadde fått borda av lossement åt dei innpå sjølve brygga. Elles var de no fullt flia av matter heile bryggegolvet innetter, det var einast ein gang til dette russekottet.

Jaha. Ein dag var Jens Blix biden til middag hos handelsmannen. Alt medan hadde russane gjort forlikt om å krev på etter brennevin. Då det var tid til å ta att med arbeidet, gjekk han Jens åt innsmettet til Russane og purra ut. Det kom stikkande, men stelte seg av, og ein av dei, han var som ein bestmann, han førde no ordet og gjekk på etter sjenk. Men han Jens beit av med eit og bad dei berre ta i ferd med lastinga. Russen var ikkje meint å gje seg med det, han knytte neven og trua med å slå han forderva så sant dei ikkje fekk dram. Då var han ikkje lenger å tøya, Blix'n. Han reiv ei matte av dungen og slengde etter russen. Det hjelpte. Dei spakna no av og gav seg i arbeid att. Og dei talde ikkje på etter brennevin meir.

Men ein vår han låg i Bergen med rundfisklast, hadde han nære på gjort det av med ein gesell hos Hermansen. Kjøpmennene som ordna med nordlandshandelen, var 18 i talet, og Hermansen var ein av dei. Og no skal du høyra: Han Jens Blix var liggjande med jekta inn til bryggja, og dei var i arbeid med å ta opp lasta. Vikta hadde dei på dekk standande og gesellen som eg seggjer, han var han var far Hermansen ogh stod føre veginga. Alt medan kom han Jens til å bli vis at gesellen for med fark, han var med kvart borti vekta med fingeren. ”Du får itj driv kjyvpek med vekta !”, sa han Jens. Rakkaren gjorde som han ikkje høyrde, og fyrst han såg seg snitt til, var han framme med fingeren. Han Jens sette få i andre gongen: ”Du let vekta ver i mak'n! Høyr du da ?” Men gesellen var forherd. Så laut han Jens til med sterkare lut. Han gjekk og røska i karen og slengde han over jektebommen, og attover. No var luka til rommet av, og gesellen kom så til at han dreiv nedi der. Da han Jens fekk sjå kva veg den andre tok, heitna han der han stod. Rommet var utlosse, ser du, og han ottast no at gesellen kom til å slå seg steine dau mot flakane. Til all lukke var det ope heilt ned i brunnen, og der låg han og plaske dentid dei kom til.

Han Jens gjekk med eit og melde seg for politiet. Det bar så til med avhøyring og styr. Men då det kom opp kor alt hadde gått føre seg, var han Jens frikjend. Dei syntest gesellen kunde ha såpass. Det ville minna han på til ein annan gong, veit du.

Jens Blix hadde fleire søner. Den tid dei var framvaksne og kom til myndigheit, vart faren heitande Gamal-Blix. Det var meir enn manns tak i kvar av sønene. Den eine av dei heite Jørgen; han låg ikkje noko etter faren i styrke, då han var i sine velmaktsdagar.

Det var ein sumar han Gamal-Blix og to av sønene kom av Bergen med Storjekta, ho var på 1200 tunner. Rette farleia var Inndyrsvågen. Men det bles ut Vågen den dagen, så han var ikkje lett å ta seg opp. ”Eg ser hånn e så vidt kvass da kan bi hytt om å få han bugsert inn,” sa faren. Og så slo han på at dei fekk prøve Røssnessundet. Men sønane heldt på dei kunne prøva inn Vågen. Faren gav no etter. Men den tid dei strauk seglet ytst i, sa han; ”Hadd no berre hånn Jørn vør her, så hadd i inkj gruva.” Han Gamal Blix sa berre Jør'n når han nemnde sonen med namn. Han Jørgen hadde vorte vis jekta og kom springande. Brørne skynde seg i båt og fekk trosse i land. Så tok han Jørgen trosse over aksla og rusla med jekta oppover.

Ja han Jørgen Blix var groveleg sterk. Han vatt eingong jektseglet åleine, det var på 36 alner. Det hadde ei hoppa som var så lunat i hamna, ho va takskjerr, ser du. Med kvart kunn ho vere så loleg, men så medkvart reint forherd. Ein dag i slåtta skulle han Jørgen etter kapp. Dei hadde mykje høy på brøgda, og utrygt vistes det med veret, så han ville gjera fortgang med å få hoppa heim. Men den dagen fann han henne i rette vranghøvan. Og han Jørgen plagdest og gjekk etter henne motes heile økta, innanen han fekk henne i band. Han var då så heit og arg at han rauk i hovudet på hoppa og skara på, til ho sistpå raus over ende og vart liggjande flat etter marka.