| Han Øyr-Per |
|
|
|
Jorda ved Forsåga ligg no berre for fefot, og har så gjort i langsameleg tid. Men eingong var det buande folk der. Sist på 1700-talet heitte mennene ved Forsåga Pe og Jo. Han som sat på Kvarsnes ved dei tider heitte Ola. Gamalt attende var det godt sildgarnstø ved Hamnosen. Retten til å ha bruk i sjøen der, låg til Kvarsnes, og slik hadde det vore så langt nokon mintest. Han Ola brukte få mykje sild der haustane frametter. Han Øyr-Pe, ein av mennene ved Forsåga, hadde sine garn standande mellom Hamnosen og Forsåga. Men det var ikkje så godt der, så det gjekk jamt skralare med fisket for han. Så tok han Pe åt å bli misunnsam på han Kvarsnes-Ola. "Du få inkj ha Osen åleina, Ola, e vel å ha sett dar," sa han Pe. Han Ola sa som sant var: "Retten tel Hamnosen ha li uinn Kvarsnes frå utgammal ti, å dainn retten je e inkj avkall på." Han Pe gav seg ikkje med det, han for og masa på om å få ha garna sine i Hamnosen, men åt han Ola fekk han ikkje anna svar. Leid på tida, tok han Ola til å merka at det var nokon som for og gjorde ubye med garna alt med dei stod i sjøen. Og sluttpå kom det bort garn for han. Han fann då på ei onnor råd. Han Ola hadde to bom i vaksen alder, ein glunt og ei vekje. Desse sette han no til å liggja vakt ved garna. Så skulle ikkje kallen ved Forsåga koma seg til med uprette der meir. Jaha. Dentid han Pe fekk nyss om det var liggjande vakt ved Hamnosen, for styggemannen i han på rett. Han sette seg no føre å ta borna hans Ola av dage. Han emna til ein slagreiskap, ei stor klubbe, og skolten av klubba dreiv han full av ongelskjengar, så det skulle sy godt der han slo. Då han hadde klubba ferdig, tedde han den fram for kjerringa, ho heitte Ane, og så let han henne få vita at han var meint seg til å slå i hel borna hans Kvarsnes-Ola. Kjerringa talde av med dette. Ja, ho hadde gått hardt innpå han Pe for å få han a'styrt. Under denne akkedasen skal han Pe sa sagt: "Ane-mor, i Herrens namn, e du gal, så ska e bett de! " På det siste hadde han Pe fått kjerringa til å gje sitt ja-minne til ugjerninga. Og ein kveld i ein liten sørvest-vind tok han utover til Hamnosen. Der fann han no borna hans Ola sovande i båten. Dei hadde gjort fast båten til garna, og glunten låg i ein skott, vekja i den andre. Han Pe fekk borda utan dei vaktest. Fyrst kvista han klubba i hovudet på glunten. Det vart berre eit lite rop han vann gje innan han andast. Men systera vakna og la til å skrika om hjelp. Då fekk han Pe det travelt med å koma seg åt skotten der ho var. "Bi no u'lit! Du ska få kakkjen, du å". Så gjorde han det av med henne. Han let lika bli liggjande i båten, men han stakk han laus så han gjekk i drift. Rodde så heim. Dentid han var tilbake i Øyra, tok han klubba or båten og gjekk heim. Fyrst han var i stua, spurde kjerringa kor det hadde gått. "Da gjekk godt. No ska garnan hånnes Kvarsnes-Ola få ver uta telsyn." Same kvelden han Øyr-Pe gjorde seg til mordar, fekk kjerringa til grannen ærend til Øyra. Denne heitte Pernella, og dei hadde husa sine på ein pall noko lenger oppmed Forsåga. Ja, der hos han Jo hadde varmen gått ut den kvelden. No fanst det ikkje fyrstikker og slikt i dei dagar, og ho Pernella var faren nedover åt henne Ane for å få ny varme. At han Pe hadde dei tranlampa tent. Og dentid ho Pernella var framme med stua, hadde ho stussa på urlite. Han Pe var då just komen frå Hamnosen og dreiv og greidde ut for kjerringa kor alt var tilgått der. Ho som var standande ute, kom til å få høyra dette, ho stilla seg no åt glaset. Han Pe stod då med klubba i handa, og då ho Pernella fekk sjå kor klubba var tilreidd, blodut og utklint, var ho meint å set av heim fri for varme. Men så tok ho seg mot føre og heldt åt tropphella. Der gav ho seg god tid, skrapa med føt'n, så det skulle høyrast inn. Det same gjorde ho i fordøra. Så fekk han Pe tid på seg å få klubba unna. Ho kom i stua og sa ho var ute for å låna varme. "Hann gjekk ut hos oss, å ongan klaga se at di frys," sa ho. I det fyrste var dei tyste, både han Pe og kjerringa. Men så gav han Pe seg til å spørja ut henne Pernella kor ho var komen ditett, om ho hadde teke beinvegen. Då laug ho, og varme fekk ho. Om morgonen vart han Kvarsnes-Ola vis at båten var borte frå Hamnosen. Fekk så sjå ein som låg på rek uti fjorden. Han sette båt og rodde ditett, og fann der borna sine liggjande lik. Den fyrste som hadde med å spora opp kven mordaren var, var lensmannen. Han kom i skyss til Forsåga. No var denne Ane, kjerringa hans Pe, trollkjent, og dentid lensmannen var komen i fjøra, fekk han ein bakstøyt så han trilla over ende. Han kom seg på føt'n med eiga hjelp, men fekk då ein ny så det bar i koll andre gongen. Enno ein gong vann han seg opp, men tredje gongen det bar over ende med han, vart han liggjande. Lårbeinet var då avslege. Og dei som var i skyss, hadde ikkje anna å gjera enn å få han i båten og heim. Ei tid etter vart det halde forhør på Nord-Arnøy. Det var skrivaren som stod føre, han som då var, heitte Høeg. Mellom dei som var innkalla til å vitna, var ho Pernella ved Forsåga. Og då det vart hennar tur, sa ho berre: "Vel døkk'r få han Pe bort frå Forsåga, å jer da så hånn aldri kjem ditett meir, ska e sei tre ora. Di ska fell hånn." Denne lovnaden fekk ho. Sidan lukkast det med eit knep å få han Øyr-Pe bort frå Forsåga. Etter han var fast, vart han sitjande i lensmannsarresten på Kjelling. Det har vore fortalt at han vart retta på Holmsundøya i Gildeskål. Men så langt kom det ikkje. Han Pe døydde i arresten." Fra Gildeskål Bygdebokarkiv
|


